Opning av Arkiv Øst. Karoline Fjeldstad holdt tale og klipte snora. Foto: Jesper Sode Hansen.
Torsdag 25. august åpnet Arkiv Østs nye depot og nybygg. I strålende solskinn klipte representantskapsleiar Karoline Fjeldstad snora. Det vart taler frå dagleg leiar, styreleiar, byggherre og Riksarkivet.
Nytt depot skal romme 40 000 hyllemeter med papirarkiv frå eigarkommunane. I tillegg har ein fått moderne kontor, ordningsavdeling, digitiseringsrom, fryserom, muggsaneringsrom og digitalt depot. Sarpsborg kommune er byggherre. Frå IKA Møre og Romsdal deltok styreleiar Ottar Brage Guttelvik, dagleg leiar Jesper Sode Hansen og nestleiar Jan Aakvik.




