-

Vibeke gjenvalt som leiar av Arkivarforeningen
Arkivarforeningen hadde vårseminar og generalforsamling for medlemane sine 24. og 25.mars. Her vart Vibeke gjenvalt som leiar av foreininga. Ho har vore i styret sidan 2011 og leiar frå 2013.
-

Om arkivering av e-post
I ein artikkel i Aftenposten 23.mars 2015 skriv Vilde Ronge, fungerande avdelingsdirektør for Bevarings- og tilsynsavdelingen ved Riksarkivet, om lagring av e-post. «Det er svært problematisk når offentlig dokumentasjon ikke blir arkivert. Det kan være til hinder for åpenhet og svekke demokratiet». Ronge dreg parallellar mellom Hillary Clinton si e-post-skandale og tilhøve i offentleg forvaltning…
-

Ny dagleg leiar på plass
Mandag 16.mars starta Geir Håvard Ellingseter som dagleg leiar ved IKAMR. Han kjem frå stillinga som arkivleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Før det arbeidde han med sak- arkivsystem i ErgoGroup (no EVRY) og Tieto. Geir Håvard er utdanna bibliotekar frå Høgskolen i Oslo. Vi ønsker Geir Håvard hjarteleg velkomen til oss!
-

Besøk frå Fræna kommune
Idag har Mona-Lisa Ninatubu og Edel Blikås, frå Fræna kommune, vore på besøk hjå IKAMR.
-

Vi har hatt besøk av Skjulte skatter Ålesund idag
I dag har IKAMR hatt hyggeleg besøk av Anne Marthe Vestre Berge: kvinna bak Skjulte skatter Ålesund.
-

Møte om ny databaseløysing
Torsdag 5. og fredag 6.mars hadde IKAMR møte med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om ny databaseløysing for foto. Føremålet med møtet var å utveksle kunnskap om tekniske og praktiske løysingar sett frå datateknisk side og frå brukarsida.
-

Besøk ved Rauma vgs
I oktober 2014 heldt IKA kurs i Ålesund for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal i ordning, føring og avlevering av arkiv. Rauma videregående skole er no i gang med med ordningsarbeidet.
-

Avlevering frå Sandøy kommune i forbindelse med ordnings- og digitaliseringsprosjekt
Sandøy kommune har i dag avlevert diverse arkiv til IKAMR for ordning, registrering og tilgjengeleggjering. Byggesaksarkivet skal i tillegg digitaliserast. Arbeidet skal gjerast av IKAMR og SEDAK.
-

Fornøgd brukar
Det hender at vi får gode tilbakemeldingar frå brukarane våre. I dag fekk rådgjevar Guro Flø ei ekstra hyggeleg tilbakemelding i form av nydelege blomar og takkekort!
-

Nye prosjekttilsette ved IKAMR
Denne veka har det starta tre nye prosjekttilsette ved IKAMR. I samarbeid med leiar for SEDAK, Ottar André Breivik Anderson, skal dei sørge for at Herøy kommune sitt byggesaksarkiv vert ordna og digitalisert. Det kjem ytterligare to prosjekttilsette iløpet av februar.