26.06.2019

Tilgang til arkiv

Tilgang til arkivmaterialet føreset at det er ordna og registrert. Ei oversikt over materiale som er ordna finst i Arkivportalen, som blir regelmessig oppdatert etter som nytt materiale kjem til. Vi har derimot stort etterslep i registreringsarbeidet til denne basen, det betyr at IKAMR i realiteten oppbevarer mykje meir materiale enn det som kjem til syne ved søk i den. Vi jobbar kontinuerleg med registrering av arkiv.

I arkivdatabasen kan ein søkje på kva slags materiale som finst frå ulike kommunar og arkivskaparar. Ver merksam på at databasen også kan vise alt registrert arkivmateriale frå arkivdepot i heile landet, og ikkje berre det som finst ved IKAMR. Over søkemotoren finn du søkjetips. Dei tilsette ved IKA vil kunne gje rettleiing i bruk av ulike typar arkivmateriale.

Alle arkiv er ikkje automatisk tilgjengelege for publikum. Nokre arkivseriar inneheld opplysningar som er underlagte teieplikt, og er difor klausulerte. Personar som er part i sak har etter forvaltningslova rett til innsyn i opplysningar om seg sjølve, og vil kunne få tilgang ved søknad om dette. Forskarar vil også i nokre tilfelle kunne få tilgang til klausulert materiale etter søknad. Førespurnad etter denne type dokumnetasjon skal skje via kommunen der vedkomande budde på det tidspunktet dokumentasjonenvart skapt.

Opningstider

Lesesalen vår er i Kirkegata 10 i Ålesund. Vi har ope måndag til fredag kl. 09.00-15.00.

Lån og bruk på lesesalen
For å få tilgang til arkivmaterialet, må ein levere eit førespurnadsskjema til lesesalsinspektøren, som finn fram dei aktuelle arkivstykka. Det skal også leverast ei eigarfråsegn, og brukaren skal ha gjort seg kjend med reglane for bruk av arkivsaker på lesesalen. Utlånte arkivsaker skal leverast til lesesalsinspektøren etter bruk. Arkivsaker er originalt og uerstatteleg kjeldemateriale, og må difor handterast med respekt og varsemd. Dirfor skal ein:

  • Berre opne ein arkivboks eller pakke om gongen.
  • Ikkje legge opne protokollar oppå kvarandre.
  • Ikkje lage brettar eller setje blyant- eller pennemerker i arkivsakene.
  • Sjå til at rekkefølgja på dokumenta ikkje blir skipla.
  • Aldri fjerne noko av innhaldet.

Kopiering

For kopiar av materialet må ein henvende seg til lesesalsvakta. Materiale som er svært skjørt eller skadd kan ikkje kopierast. Kopiering av klausulert materiale må vurderast av IKA i kvart enkelt tilfelle. Ein kan få inntil 10 kopiar utan ekstra kostnadar. For kopiar ut over dette er prisen:

  • Tekstkopiar A4: kr. 4,- pr. stk.
  • Tekstkopiar A3: kr. 8,- pr. stk.
  • Fargekopiar: kr. 20,- pr. stk.