14.06.2018

Ressursar

Protokollføring

Når den nye personopplysningslova trer i kraft vil alle kommunane i Møre og Romsdal måtte føre protokollar over behandlingsaktivitetane deira. Slike protokollar vil kunna gje kommunane eit godt oversyn over behandlingane dei gjennomfører. Datatilsynet har utarbeidd to forslag til protokollar; eit for behandlingsansvarleg og eit for databehandlar. Dei oransje kolonnane i Excel-arkene er obligatoriske, dei grøne kolonnane er valfrie. Kommunane kan også leggja inn deira eigne kolonnar viss dei ynskjer det. Protokollføring i Excel-ark er eit av fleire alternativ for protokollføring. Det finst òg system for protokollføring frå private aktørar.