11.06.2018

Om personvernombod

Tysdag 22. mai vart det vedtatt ei ny personopplysningslov som avløyser gjeldande personopplysningslov. Lova trer i kraft tidlegast i juli dette året. Den nye lova består av to hovudelement. For det første blir EU si personvernforordning gjort til norsk lov gjennom ei inkorporasjonsbestemming. For det andre blir det gitt ei rekke bestemmingar som supplerer reglane i forordninga.

Under den nye lova pliktar alle offentlege og ei rekke private verksemder å ha personvernombod. IKA Møre og Romsdal har oppretta eit prosjekt som skal levere tenesta personvernombod til 27 kommunar i Møre og Romsdal, i tillegg til fylkeskommunen. Thea Helen Rølsåsen og Henrik Gullaker er tilsett i dette prosjektet.

Oppgåvene til personvernombodet er blant anna å:

·         Informere og gi råd om personvernregelverket

·         Kontrollere at personvernregelverket blir overhalde

o   Samle inn informasjon for å identifisere og kartlegge behandlinga av personopplysningar, herunder rettleiing om utforming av protokoll over behandlingsaktivitetar

o   Analysere og sjekke at behandlingsaktivitetane er i samsvar med regelverket

o   Informere og gi råd til behandlingsansvarleg og databehandlar om forholdet dei imellom

o   Gjennomføre haldningsskapande arbeid i verksemda og opplæring av medarbeidarar

·         Gi råd om vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA), herunder råd i forbindelse med gjennomføring

·         Vere kontaktpunkt overfor Datatilsynet, blant anna ved brot på personvernsikkerheita (avviksmelding)

·         Fungere som kontaktpunkt for innbyggarane

·         Rapportere direkte til øvste administrative leiing og ha høve til å delta på møta deira som omhandlar personvernsikkerheit.

 
Generelle førespurnader til personvernombodet skal sendast til postmottak@ikamr.no

Kontaktinfo:

thea.helen.rolsaasen@ikamr.no
Tlf. 412 65 037

henrik.gullaker@ikamr.no
Tlf. 412 62 364