30.08.2017

Sommarhjelpa vår deler sine erfaringar

emil.jpg

Ei veldig hyggeleg tilbakmelding syns vi. Velkomen tilbake Emil!

I sommar har eg fått mogelgheita til å jobbe som sommarvikar hjå Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR). Eg heter Emil Stokkevåg og er historiestudent ved Universitetet i Stavanger. Grunnen til at eg ønska meg sommarjobb ved IKAMR var fordi eg ønska meir kunnskap om kva eit arkivdepot drev med. Eg ville ikkje kaste bort sommaren og eg ville sjølvsagt tjene penger. Eg fekk meir enn eg bad om angåande den første grunnen til at eg ønska ein sommarjobb hjå IKAMR. Det er så mykje som angår arkiv som ein kan gå eit heilt liv utan å eingong tenke på. Mengda informasjon som finnast er ufatteleg, og menneskjene som jobbar med denne informasjonen må ha tunga beint i munnen. Det finnst mykje som ikkje er tilgjengeleg for offentligheten grunna lovverket, men det er også mykje som er tilgjengeleg for den interesserte. Då må ein berre ta kontakt med IKAMR eller kommuna det gjeld!

Jobben min på IKAMR har vore å ordne og registrere eit saksarkiv frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek som strekk seg frå 1970 til 1991, nesten 7,5 hyllemeter. Å ordne eit arkiv dreiar seg om å fjerne det som kan ruste, ta kopiar, passe på at årstalla står i rett rekkefølgje, og ikkje minst at mappene står etter ein arkivkode. Inkludert i ordningsabeidet var å registrere arkivet i arkivregistersystemet ASTA. I eit nøkkeskal var dette jobben min i ein og ein halv månad. Men ein sit ikkje berre ved ein kontorpult alle dagene heller! Nokre gonger må ein også bere kasser på kasser med arkiv, i tillegg til eg har hjulpet ut med å finne dokumentasjon i depotet for dei ansatte på IKAMR.

Å jobbe på arkivet har vore ein god opplevelse og eg har følt meg veldig godt tatt imot. Eg vart med ein gong oppfordra til å stille spørsmål om det var noko uklart og dei ansatte gav meg den inputen eg trengde til å gjere ein god jobb. Eg har fått verdifull kunnskap som eg er sikker på vil komme meg til gode den dagen eg skal skrive bachelor- og masteroppgave i historie. Eg har også fått ein betrakteleg større kunnskap knytt til kjelder til slektsgransking. Det å nøste opp i eins eiga slekt er ein lang og vanskeleg prosess, noko som eg sjår fram til å jobbe med!

I mine 6 veker hjå IKAMR har eg lært mykje om korleis eit arkiv opererer. Eg har også hatt gleda av å bli kjent med hyggelege og erfarne arkivarar som har vært meir enn hjelpsame. No kan eg ordne og registrere arkiv inn i ASTA. I tillegg har eg fått ein dypare innsikt i kva eit arkiv jobber med, dei forskjellige oppgavene og utfordringane dei står ovanfor med tanke på gangen i sakshandsaming, digitalisering og finansiering. Jobben her har gjort meg forbudd på korleis eg skal kontakte arkiv i framtiden, den har også gitt meg ein forståelse av kor mykje som det går an å finne om ein veit kvar ein skal leite.

Om du er interessert i historie eller kultur, grave opp gamle dokumenter, eller rett og slett bare ønsker eit innblikk i den kolossale mengda informasjon som finnst lagra, då anbefaler eg at du besøker IKAMR. Eg har fått ein vekkande oppleving av å jobbe på IKAMR og anbefaler alle som er interessert til å lære meir om arkiv og kva du kan finne der. Om du får moglegheita til å jobbe ved eit arkivdepot ein gong ville eg anbefalt deg å ta jobben, for kunnskapen du sit igjen med etterpå er uvurderlig.


Tekst: Emil Stokkevåg.