27.02.2017

Skulearkiv til depot

img_0540_2.jpg

I løpet av året vert det avsett seks veker til deponering av deponeringsklare arkiv frå kommunane til IKA. Førre veke kom det ei avlevering frå Møre og Romsdal fylkeskommune.


Avleveringa var frå dei fire vidaregåande skulane Romsdal, Kviltorp, Granlia og Nesjestranda. På lasteplanet var det heile 79 flyttekasser fulle av arkiv som no får eit nytt liv i dei trygge magasina til IKA.