23.06.2014

Rottekrigen

rottekrignemnda_i_surnadal_large.jpg

Ein kjem over eit rikt utval arkivskaparar når ein arbeider med eldre, kommunale arkivkjelder. Av dei mest særmerkte arkivskaparane IKA Møre og Romsdal har kome over her i vårt fylke, kan me nemne rottekrignemnda i Surnadal.

Etter at IKA Møre og Romsdal ordna og registrerte det eldre, kommunale arkivmaterialet i Surnadal, vart Rottekrignemnda ved fleire høve trekt fram som eit interessant innslag i floraen av kommunale utval, råd og nemnder.
Etter at arkivmaterialet var ordna fekk ein oppslag om dette arbeidet i "Nytt frå Surnadal", som er informasjonsbladet til kommunen. Her vart Rottekrignemnda omtala som eit døme på kva ein kan finne av kulturhistorie i dei kommunale arkiva, og bladfyken skiv følgjande:

I 1947 vart det vedteke å setje ned ei eiga nemnd som skulle, for å seie det folkeleg, "ta rotta på" rottene. Nemnda vedtok å lage til 1000 porsjonar åte med ti åter i kvar porsjon. Kvar åte var på 7 gram og var samansett av 6 gram med kjøttdeig, 0,3 gram smult og 0,7 gram gift. Nemnda fekk i løpet av 1947 rapportar om "gode resultater av rottekrigen". Dei fekk melding frå enkelte gardar om at 20-30 åter kom bort i løpet av kort tid og at det vart funne opptil seks rottekadaver på nokre gardsbruk. Nemnda var ikkje i aktivitet kvart år, og siste rapport skriv seg frå 1955.

Kategori
Foto
Kommune
Surnadal