03.11.2017

Operasjon dagsverk

Hanne Rekdal Aasen, elev ved Fagerlia videregående skole, og Kristin Ellingseter, elev ved Molde videregående skole. Foto: Ragnar Albertsen, Fylkesfotoarkivet/IKAMR.
Hanne Rekdal Aasen, elev ved Fagerlia videregående skole, og Kristin Ellingseter, elev ved Molde videregående skole. Foto: Ragnar Albertsen, Fylkesfotoarkivet/IKAMR.
Igår hadde vi to elevar på OD-dag ved IKAMR. Operasjon Dagsverk 2017 går til Naturvernforbundet og Natur og Ungdom sine utdanningsprosjekt midt i verdas største oljekatastrofe i Nigeria.

Hanne Rekdal Aasen brukte OD-dagen på å lage namnekart på bilde frå arkivet etter fotograf Olav Nerland, i regi av Fylkesfotoarkivet. Å lage namnekart betyr å sette nummer på gruppebilde slik at det vert lettare å identifisere kven som er kven på bildet.

Kristin Ellingseter digitaliserte stadnamn frå Møre og Romsdal på nett. OD - dagen vart brukt til å digitalt kartfeste namn på Emblem i Ålesund kommune. Namna er innsamla av Peter Hallaråker tidlegare tilsett ved Høgskulen i Volda og Møreforsking på 1990-talet. Det er Kulturnett Møre og Romsdal som er ansvarleg for å gjere namna digitalt tilgjengelig på nett.

Takk for innsatsen!