22.03.2017

Nedpakking av eldre arkiv

Guro Flø frå IKAMR igong med nedpakkinga. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
Guro Flø frå IKAMR igong med nedpakkinga. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
Arkivleiar i Sande kommune, Tove Cathrine Kvamme, og Åsta Vadset frå IKAMR ser nærare på eit skap med kartotekkort. Foto: Guro Flø, IKAMR.
Arkivleiar i Sande kommune, Tove Cathrine Kvamme, og Åsta Vadset frå IKAMR ser nærare på eit skap med kartotekkort. Foto: Guro Flø, IKAMR.
Tirsdag 21. mars var IKAMR i Sande kommune og pakka eldre arkiv for avlevering til IKAMR sine depot i Ålesund.

I 2016 skreiv Sande kommune under kontrakt om oppbevaring av arkiv hjå oss. I går var vi på besøk og pakka 33 flyttekasser med dokumentasjon frå perioden før 1964. Hovudsakleg er materialet skapt av Sande kommune, men vi fann også noko frå Rovde kommune, som vart slått saman med Sande kommune 1. januar 1964.

Sande kommune transporterer sjølve avleveringa til IKAMR.

Kategori: 
Eldre arkiv
Personregister
Kommune: 
Sande