05.03.2018

Kontaktkonferansen 2018 vert 29. og 30.mai på Quality Hotell Alexandra i Molde

Quality Hotell Alexandra ligg i Molde sentrum. Foto: Quality Alexandra Hotel.
Quality Hotell Alexandra ligg i Molde sentrum. Foto: Quality Alexandra Hotel.
Tema for programmet er på plass, og påmeldingsskjema er lagt ut. Vi minner også om nominasjon til Årets arkivar 2018.

På programmet står blant anna:

- det nye personvernregelverket
- eit komplett forslag til bevaring- og kassasjonsplan vil bli presentert
- utviklingsarbeidet til arkivplan.no
- utfordringar med mugg og skadedyr
- eInnsyn og eFormidling

Komplett program vert publisert med det første.

Meld deg på her.

IKAMR ønskjer også i år å markere arbeidet som arkiv- og dokumentasjonsmedarbeidarar gjer ved å dele ut prisen Årets arkivar til ein person som har utmerka seg på ein eller fleire måtar. Nominasjon vert sendt til postmottak@ikamr.no innan 15.mai 2018 og vert handsama konfidensielt. Les meir her.