19.02.2016

Kommunereform

kommunekart_1952.jpg

I 2014 var det 50 år sidan den siste store kommunesamanslåinga. No, 50 år etter, er ein ny på gang. Korleis blir kommunekartet frå 2020?

 
Det er 36 kommunar i Møre og Romsdal no - det er ikkje forskjell på by- og landkommunar, men vi har seks byar og ein landsby i fylket. Den største kommunen i folketal er Ålesund med omlag 47.000 innbyggjarar og den minste er Stordal med 1.030. Gjennomsnittet for kommunane utanom Kristiansund, Molde og Ålesund er 5.060. Største landkommunen er Ørsta med 10.630 innbyggjarar. 18 av kommunane har under 5.000 innbyggjarar. Det blir spennande å sjå korleis det blir når reformen er over.
 
Før Scheikomiteen fekk i stand den store kommunesamanslåinga i 1964, hadde Noreg 747 kommunar (by- og landkommunar). Komiteen, under leiing av Nikolai Schei, arbeidde frå 1946 til 1962 og gav tre innstillingar på til saman 18 bind. Etter reformen var talet på kommunar redusert med 293 eller 39 prosent til 454. No er det 428 kommunar med Oslo som størst, med omlag 650.000 innbyggjarar, og Utsira som er minst med 206.
 
I Møre og Romsdal var det 69 kommunar før 1964, av desse tre bykommunar. Den største landkommunen var Borgund med 17.000 innbyggjarar (like stor som Kristiansund og over dobbelt så stor som Molde). Minste kommunen var Grip med 130 innbyggjarar. Åtte kommunar hadde under 1.000 innbyggjarar og 26 hadde mellom eitt og to tusen. Halvparten av alle kommunane hadde altså færre enn 2.000 innbyggjarar. Gjennomsnittsfolketalet for landkommunane var 2.523.
 
Tekst: Gunnar Morsund, IKAMR.