04.06.2014

IKAMR sitt nye hjelpehefte for ordning, føring og avlevering av kommunale arkiv

Frå magasinet ved IKAMR. Foto: Ottar Andre Breivik Andersson, IKAMR.
Frå magasinet ved IKAMR. Foto: Ottar Andre Breivik Andersson, IKAMR.
Hjelpeheftet for ordning, føring og avlevering av kommunale arkiv vart presentert på IKA Møre og Romsdal sin kontaktkonferanse 27.mai 2014.

Versjonen er eit førsteutkast. Vi ønsker derfor tilbakemeldingar! Kommentarar til hjelpeheftet skal sendast til postmottak@ikamr.no

Som vi nemnte på Kontaktkonferansen har vi no innført kontaktpersonar. Vi vil derfor at alle kommunane vel ein kontaktperson, som skal være bindeleddet mellom IKAMR og kommunen.

Avleveringslister må vere godkjende minst to veker før avtalt avlevering. Dette vil stå i versjon to av hjelpeheftet.

 

Lenke til oppdatert versjon av hjelpeheftet.

Kategori: 
Eldre arkiv
Elektronisk arkiv
Personregister