15.01.2018

IKA Kongsberg på fagleg besøk

Thomas Monrad Hansen og Zane Aboltina i arbeid med utveksling av «beste praksis» i høve digitalisering av byggesaksarkiv. Foto: Anderson / SEDAK.
Thomas Monrad Hansen og Zane Aboltina i arbeid med utveksling av «beste praksis» i høve digitalisering av byggesaksarkiv. Foto: Anderson / SEDAK.
Sindre Vik og Thomas Monrad Hansen, fagansvarlege for digitalisering og formidling ved IKA Kongsberg, var på fagleg besøk i førre veke.

Det var to fulle dagar med praktiske oppgåver og diskusjonar om digitalisering. Her utveksla SEDAK, Fylkessenter for digitalisering av kulturarven, og IKA Kongsberg «beste praksis» og metodar for kvalitetskontroll og produksjon.

I tillegg informerte KulturNett ved Jan Aakvik om databaseløysinga vi har (beta-versjon http://www.db.ikamr.no/). Denne publiseringsløysinga gir materialet som er digitalisert både URN, (evigvarande lenke) og er Noark5 arkivgodkjent kjerne for langtidslagring av data.

Tekst: Ottar Andre Breivik Anderson, SEDAK.