10.04.2017

Bevaringsplan privatarkiv

Foto: Guro Flø, IKAMR.
Foto: Guro Flø, IKAMR.
Privatarkiv er skapt av næringsliv, organisasjonar og enkeltpersonar. For å ha ein dokumentasjon av heile samfunnet må privat skapte arkiv takast vare på i tillegg til statlege og kommunale.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal IKS har laga ein bevaringsplan for privatarkiv i dei to fylka. Planen er ikkje endeleg, IKAMR tek gjerne imot synspunkt.

I vårt fylke ser vi det som særleg viktig å bevare bedriftsarkiv frå

 

1) Maritim sektor inkludert organisasjonar

2) Møbel- og trevare

3) Tekstil- og konfeksjon

Dessutan arkiv frå lag og organisasjonar.

Første steg blir å få registrert alt av privatarkiv som finst bevart - i musea, i arkivinstitusjonar, hos historielag og andre.

Alle som har bevart arkiv får høve til å vere med i eit samarbeid om å registrere, ordne, oppbevare og publisere arkiv.

 

Tekst: Gunnar Morsund, IKAMR.