04.12.2015

Besøk frå Statsarkivet i Trondheim

besok_statsarkivet.jpg

Fredag 4. desember var statsarkivar Astrid Løvlien og rådgjevar Kari Remseth på besøk hjå oss. Tema for dagen var tilsyn.

Statsarkivet i Trondheim fører tilsyn med eigarkommunane våre, og IKAMR fylgjer opp kommunane i etterkant. Dialog mellom oss er dermed nødvendig for best mogleg resultat. Kari Remseth delte av sine erfaringar og kunnskap på området. Dei besøkande fekk elles møte dei tilsette ved IKAMR og høyre meir om korleis vi jobbar og kva utfordringar vi har.

Ein interessant og lærerik dag.