15.06.2016

Besøk frå Høgskulen i Volda

hivolda.jpg

IKA og Kulturnett Møre og Romsdal fekk rektor Johann Roppen på besøk i samband med Stadnamnarkivet og stadnamndatabasen for Møre og Romsdal. Arbeidet med innsamling av stadnamn vart gjort av Møreforsking ved Peter Hallaråker i perioden 1985-1995. Heile 200 000 namn vart samla inn.

Sidan 2005 har «Stadnamnarkivet frå Møre og Romsdal» vore deponert i IKA sine arkivlokale. Ein av intensjonane med flyttinga av arkivet var at ålmenta skulle få lettare tilgjenge. Kulturnett Møre og Romsdal, har i samarbeid med kommunar, digitalisert og publisert stadnamna på nett. Sjølve stadnamnbasen og publiseringsløysinga er drifta av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

http://www.fylkesatlas.no/stadnamn_more_og_romsdal

Arkivar Åsta Vadset nytta også høvet til å informere Johann Roppen om det formidable forskingsmaterialet som ligg i dei kommunale arkiva, samt eit innblikk i kva slags privatarkiv og fotoarkiv som er tilgjengelege.


Tekst: Jan Aakvik, Kulturnett Møre og Romsdal