11.11.2015

«Besøg mig gjerne når du kan»

detalj_01.jpg

Menneskesoga vert skapt ved at mennesket er i bevegelse. Det som er mest illustrerande her er dei store utvandringane, dei er svært opprivande og dei ber ofte bod om ei større endring.

Ei av dei mest kjende er jødane si utvandring frå Egypt med Moses i spissen. Den var så djuptgripande at dei greske og latinske skrivarane rett og slett kalla Andre mosebok for Utvandringa, eller Exodus. Men ein treng ikkje gå fleire tusen år attende i tid for å studere mennesket sine store vandringar. For rundt 150 år sidan stod verda overfor starten på ei av dei største demografiske endringane i verdssoga. Menneske flytta på seg i hopetal. I hovudsak frå aust til vest. Ein har anslått at så mange som 40 millionar menneske utvandra frå Europa i perioden 1850-1930. For Noreg sin del har denne utvandringa ført til at det finst fleire norsk-amerikanarar enn det er nordmenn i Noreg.

For ikkje lenge sidan fann vi nokre brev frå ein av desse utvandrarane. For ei historie dei kunne fortelje! Breva vart funne i arkiva etter den tidlegare kommunen Veøy, som i 1964 vart ein del av Rauma kommune. Dei er skrivne av assisterande kirurg Søren Johan Hansen. Kva er så spesielt med desse breva? Ikkje berre går dei under nemninga «Amerikabrev», men dei fortel også om eit vasskille av store dimensjonar i den amerikanske historia, nemlig den amerikanske borgarkrigen. Hansen, som var «Læge i den saakaldte Skandinaviske Regiment», gir ei livleg skildring av hendingane ved fronten. Eitt av dei omtalte slaga dreiar seg om kringsetjinga av «Island No. 10» våren 1862. Etter å ha studert desse breva sit ein att med eit  inntrykk av ein reflektert mann ved fronten. Han skriv ikkje berre om dei dårlege forholda til slavane og om den fæla framferda i krigen, men også om samhaldet. At dei spela og song i lag om kveldane for å få tida til å gå. På hausten 1862 søkte Hansen avløysing frå tenesta i Unionshæren på grunn av sjukdom.

Ei dragning frå aust mot vest har vore ei kjensgjerning når ein les om utvandringa på 1800- og byrjinga av 1900-talet, og grunnen for det er følgjeleg at storparten drog til USA. Dette inntrykket er berre delvis rett. Nokre sunnmøringar vende blikket i ei annan retning. Afrika, det store kontinentet i sør, skulle vise seg å verte det store reisemålet for eit utval menneske. Den moderne emigrasjonsforskinga har fokusert lite på denne sida av utvandringa, men om ein tek Afrika i nærare augnesyn var innvandringa til Afrika eit viktig element i det som vert kalla The Scramble for Africa, eller Kappløpet om Afrika. Midt i denne tida seglar ei gruppe på 200 norske emigrantar, hovudsakleg sunnmøringar, ut frå Ålesund med kurs for Natal i Kapp-kolonien i dagens Sør-Afrika. Kva skulle dei der? Var dei på jakt etter eit betre liv?

Eit betre liv er det også mange i dag som tenkjer på. Arbeidsinnvandring er ikkje noko nytt fenomen og ein gløymer ofte at ein ikkje skal så langt attende i tid for å sjå at «vi» er på mange måtar «dei». Når ein les i nasjonalsoga får ein eit inntrykk av at nordmenn er ein homogen masse, men faktum er at vi er meir differensiert enn ein skulle tru. Samtidig som utvandrarane såg til vest (og nokon sør), søkte dei svenske rallarane lykka i Noreg. Ein viktig del av den norske infrastrukturen blei utbygd av rallarane, nemleg jarnbana. I likningsmaterialet frå tidlegare Grytten kommune kan ein sjå ei rekkje svenskar som betala skatt, og kva gjorde dei i Grytten? Dei bygde sjølvsagt Raumabanen, som blei offisielt opna i 1924.

Vi lever ikkje i ei boble, men er ein del av ein større heilskap. Om vi ikkje likar kva som skjer, kan vi endre det. Moglegheita for forandring er grenselaus, og er det noko arkiva kan fortelje om, så er det nettopp at vi er i konstant endring.

Med tema «Grenselaust» har Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal open dag laurdag 14. november i høve den nordiske Arkivdagen. Arkivdagen er ein dag som blir markert kvart år for å auke fokus på arkiv og arkiva si oppgåve i samfunnet. Forfattaren Per Ole Reite skal halde føredrag om utvandrarane som busette seg i Natal i Kapp-kolonien på 1880-talet og arkivar Gunnar Morsund skal snakke om kjelder til slektsgransking. I tillegg vil vi presentere ulike kjelder til migrasjon, sett inn i ein historisk samanheng.

Eg ynskjer derfor å avslutte dette innlegget med oppfordringa Søren Johan Hansen skreiv til si hustru frå slagmarka: ”Besøg mig gjerne når du kan”. Har du tips, spørsmål eller er du rett og slett nysgjerrig på arkiv? Besøk oss laurdag 14. november! Alle er hjarteleg velkomne.


Av Dan André Fiskum Velle, Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal

Kategori
Foto