29.12.2017

Berging av lydfiler frå Rindal kommune

Vegard Rekdal Aasen. Foto: Anderson / SEDAK.
Vegard Rekdal Aasen. Foto: Anderson / SEDAK.
Kulturnett Møre og Romsdal skal i dei kommande åra arkivere og sikre lydfiler (forskingsdata) frå Stadnamninnsamlinga utført av Høgskulen i Volda/Møreforsking.

Vegard Rekdal Aasen har vore ansvarleg for eit forprosjekt på overføring av lydfiler frå kassett til MP3 med en bitrate på 128kbps. Det vil seie den same kvaliteten som ei musikkfil. I romjula vert det overført lydfiler for Rindal kommune. Innsamlinga av stadnamn føregjekk på slutten av 1980-talet. Frå Rindal kommune vart det samla inn 7372 namn - lydfilene ligg på ca. 50 lydkassettar. Dette er ein krevjande jobb, og etter kvart skal kvart stadnamn splittast til ei lydfil.

 

Tekst: Jan Aakvik, IKAMR.

Kommune: 
Rindal