02.03.2017

Arkivskattar - Aspøy skole

smp_02032017.jpg

IKAMR har det siste halvåret hatt kontakt med og besøk av ein masterstudent frå Trondheim, som skriv masteroppgåve i historie om skuleborna sine opplevingar av andre verdskrig i Ålesund.

Vegard Riksheim Tandstad, som opphaveleg er frå Sykkylven, har i arbeidet med masteroppgåva si intervjua 20 born som gjekk på Aspøy skule under krigen, og undersøkt kjeldemateriale frå Ålesund skulekontor og Aspøy skole.

1. mars stod det ein artikkel om arbeidet med masteroppgåva til Vegard Tandstad i Sunnmørsposten kor han fortel om skattane han har funne i arkiva oppbevart hos IKA Møre og Romsdal og om funna han har gjort i arbeidet sitt.

Arkiva Vegard R. Tandstad har nytta i undersøkingane sine er arkivet etter Ålesund skulekontor og Aspøy skole. Sistnemnde er eit av dei mest komplette skulearkiva vi oppbevarer, og ei viktig kjelde som kastar lys over kvardagen til skuleborna på Aspøy skole.

Arkivet etter Aspøy skole vart henta inn og redda frå kummerlege forhold i 2010, reinsa og deretter grovordna.

Arkivet etter Aspøy skole er eit skattkammer, som kastar lys over byshistoria, men som også gir innblikk i kvardagen til dei familiane som budde i Ålesund.  Det inneheld blant anna informasjon frå borgarskulen i Ålesund frå tidleg på 1800-talet, kven som gjekk på skulen og kven foreldra var, utdeling av mat til trengande, kven som fekk utdelt sko og kvifor, eksamenssvar frå 1905 til 1960 og skulen sin korrespondanse frå 1890-åra fram til 1960. Ein finn også rektor sine privatarkiv, privatarkiv for ulike foreiningar og misjonsarbeid, skulebilete, dokumentasjon om bybrannen, skulesparekassa, rettferdsdokumentasjon og mykje meir.

IKA Møre og Romsdal ønsker Vegard Riksheim Tandstad lykke til i innspurten!


Tekst: Vibeke Lunheim, IKAMR.

 

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Ålesund