19.10.2017

Arkivdagen 2017 ved IKAMR

Arkivdagen 2017 ved IKAMR.
Arkivdagen 2017 ved IKAMR.
Kva er det med arkiv? På Arkivdagen laurdag 4. november vil Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal sette fokus på dette. Arkiv i fortida, i notida og i framtida. Vi gjer dette gjennom foredrag av dyktige fagpersonar som har kunnskap om og nyttar arkiv på ulike måtar. Vi vil også halde ope hus slik at publikum kan få kome inn å sjå kven vi er og kva vi jobbar med.

Program for dagen:

Latinskolen (Ålesund Vidaregåande skole), auditoriet, kl 12.00 - 14.30.

12.00 - 12.05: Geir Håvard Ellingseter, dagleg leiar IKAMR

12.05 - 12.30: Gudmund Valderhaug, førstelektor ved Institutt for arkiv-, bibliotek og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus, «Kva er (det med) arkiv?».

12.30 - 13.15: Aina Basso, historikar og forfattar, «Frå tukthusfange til trollkvinne. Arkiv som kjelde til romanar».

Pause med kaffi og kaker.

13.30 - 14.00: Åge Brekk, leiar for sekretariatet for Oppreisningsordninga for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal, «Kva skjedde eigentleg? Korleis  greie ut det barn og unge har opplevd attende i tid?».

14.00 - 14.30: Perry Ulvestad, assisterande rådmann i Rauma kommune og styreleiar IKAMR: «Innovasjon og digitalisering».

I Kirkegata 10b held vi ope 12 - 16. Her tilbyr vi:

Omvisning i arkivmagasina.

Vise korleis vi arbeider med digitalisering.

Hjelp til søk i fotodatabasar og slektsforsking.

Historia og jubileumsutstillinga til Møre og Romsdal Fotograflaug vil bli presentert i nettversjon (www.100år.no).

Ein liten smakebit frå arkivet etter Ålesundsfotografen Alf Dale, som vart fødd i jubileumsåret, blir stilt ut. 
 

Velkomne skal de vere!