14.11.2016

Arkivdagen 2016: «Då klokka klang»

fakd-0810.00010-.jpg
arkivdagen_2016_01.jpg
fakd-0810.00008-.jpg
arkivdagen_2016_10.jpg
arkivdagen_2016_04.jpg

Kring heile Noreg vert det årleg arrangert arkivdag den andre helga i november. Temaet for årets arkivdag var «Då klokka klang», noko som får mange av oss til å tenke på sangen med same namn, skrive av Margrethe Munthe på byrjinga av 1900-talet. Skulehistoria i Ålesund vart dermed fokus for årets arkivdag.
Arrangementet var ein suksess med om lag 70 besøkande.

I fyrste etasje kunne dei besøkande få omvisning i eitt av våre fire arkivmagasin. Fylkesfotoarkivaren, Ragnar Albertsen, synte bileta til fotograf Olav Nerland, hos Kulturnett kunne ein søke i kulturdatabasar og med Gunnar Morsund og Arnstein Slinning kunne ein få søke etter slektningar.

I andre etasje kunne ein sjå ei utstilling med tema «Skulehistorie i Ålesund». Her kunne ein lære om kva for skulekvardag ein hadde for om lag 100 år sida. Utstillinga tok føre seg temaa «Ålesundskolene», «Aalesund lærerindeforening», «Elevenes hverdag» og «Straff i skolen».

«Ålesundskolene» såg nærmare på historia til byskulane i Ålesund. Her vart historia til Aspøy skole, Nørvøy skole, Latinskolen og Borgerskolen vist fram. «Aalesund lærerindeforening» viste fram verksemda til lærarinneforeninga kring år 1900. Mange av desse lærarinnene kjempa også for kvinner sine rettar. «Elevenes hverdag» såg på kvardagen til barna som gjekk på skulen i Ålesund. Ein kunne her lære meir om elevsamfunnet «Brage», elevavisa «Tom Tønna» og «Jule-Spurven». Mange vart også opptekne av utstillinga om «Straff i skolen» som synte historia om fysisk avstraffing i skulen. Arkivsaker knytt til utstillinga vart også framvist.

I tredje etasje kunne ein få høyre på ein av Møre og Romsdals fremste historikarar, Aud Farstad, fortelje om lærarinnene i Ålesund under føredraget «Lærarinnene – kvinnesaka sin fortropp i Ålesund». Fylkesfotoarkivaren heldt også eit spanande føredrag om fotograf Olav Nerland.

Ut frå statistikken på dei besøkande kunne ein sjå at det var 50 frå Ålesund, 8 frå Sula, 6 frå Giske, 2 frå Ulstein, 1 frå Skodje, 1 frå Vestnes, 1 frå Herøy og 1 frå Haram. Det kom også to personar frå Sunnmørsposten denne dagen.

 

Tekst: Dan André Fiskum Velle, IKAMR.