16.06.2017

Årets arkivar Møre og Romsdal 2017

arets_arkivar_2017_-_annlaug_k._myklebust.jpg

På Konktaktkonferansen til IKAMR vart prisen Årets arkivar Møre og Romsdal delt ut for første gong.

Annlaug Knardal Myklebust, arkivleiar i Sandøy kommune, vart tildelt prisen Årets arkivar 2017 på kontaktkonferansen til IKAMR 14. juni.

Tildelinga baserer seg på nominasjonen til kollegaer i kommunen der det blant berre rosande ord er nemnt at ho er kunnskapsrik både på arkiv og på kommunens organisasjon. Ho deler kunnskap med kolleger på ein måte som både er inkluderande og gjer at ein forstår kvifor ting blir gjort på ein bestemt måte.

I grunngjevinga for tildelinga nemnde Geir Håvard Ellingseter:

- Prisvinnaren har medverka til betre haldningar til arkivsystem og dokumentasjonsbevaring i kommunen.

- Prisvinnaren har fått ordna og avlevert eldre arkiv på ein god måte.

- Prisvinnaren har god kvalitet på det daglege arkivarbeidet.

- Prisvinnaren har ei positiv haldning til både andre i organisasjonen, publikum og andre som vedkomande kjem i kontakt med gjennom arbeidet sitt.

- Prisvinnaren har god kunnskap både om arkiv, saksområde og kommunen som organisasjon og er god til å formidle denne kunnskapen og bruken av kunnskapen i eige arbeid på ein god måte.

- Ikkje minst er årets arkivar opptatt av å tileigne seg ny kunnskap og ikkje redd for å spørje når det trengst.

Svært mange arkivmedarbeidarar hadde vore verdige mottakarar av prisen, men Annlaug peika seg ut. IKAMR vil kvart år framover peike ut ein vinnar av prisen Årets arkivar. Utmerkinga bestod av ein diplom og ei skål laga av glasblåsar Ingrid Cecilie Ulla ved Ingrids Glassverksted.