01.06.2018

Årets arkivar Møre og Romsdal 2018

Ellen Eiknes Forland. Foto: Ottar André Breivik Anderson / SEDAK
Ellen Eiknes Forland. Foto: Ottar André Breivik Anderson / SEDAK
På Kontaktkonferansen til IKAMR 29. mai vart prisen Årets arkivar Møre og Romsdal delt ut for andre gong. Prisen gjekk til Ellen Eiknes Forland, arkivleiar i Vestnes kommune.

Mange arkivmedarbeidarar hadde vore verdige mottakarar av prisen, men Ellen Eiknes Forland utmerka seg. I nominasjonen vert det trekt fram at ho er dyktig fagleg sett, og ho er også flink til å dele kunnskapen sin med andre. Ellen har god systemforståing. Ho greier difor å sjå lovverk, praktiske sider av faget og den elektroniske utviklinga i samanheng.

 

IKAMR vil kvart år framover peike ut ein vinnar av prisen Årets arkivar.

 

Utmerkinga består av ein diplom og ei skål laga av glasblåsar Ingrid Cecilie Ulla ved Ingrids Glassverksted.

 

 

 

Kommune: 
Vestnes