09.04.2018

9. april 1940 i Ålesund

Dokumentet er henta frå arkivet etter Ålesund kommune, Formannskapet.
Dokumentet er henta frå arkivet etter Ålesund kommune, Formannskapet.
Dei kommunale arkiva inneheld mykje dokumentasjon av hendingane i april og mai 1940. Her kan du lese varaordførar i Ålesund, Gustav Sveen, si beretning.

Dei første tyske soldatane kom til byen først 15. juni, og i tida fram til då var det formannskapet som måtte ta styringa. I samband med 78-årsdagen for angrepet på Norge legg vi ut skildringa om kva som skjedde i Ålesund, datert 31. mai 1940. Utgreiinga er ført i pennen av varaordførar Gustav Sveen som 5. mars 1941 vart innsett som ordførar og seinare også rådmann av NS-styresmaktene. Sjå vedlegg i pdf nederst på sida.

Jan Olav Fladmark har skrive ei oppsummering i Sunnmørsposten av dei viktigaste hendingane på Sunnmøre under krigen. Sjå http://www.smp.no/nyheter/reportasje/article10920473.ece

 

Tekst: Gunnar Olav Morsund, IKAMR.

Kommune: 
Ålesund
Vedlegg: