05.07.2017

2 ledige prosjektstillingar ved IKAMR

IKAMR held til i Kirkegata 10b, på Aspøya i Ålesund sentrum. Foto: IKAMR.
IKAMR held til i Kirkegata 10b, på Aspøya i Ålesund sentrum. Foto: IKAMR.
Har du lyst til å jobbe ilag med oss? Eller kjenner du nokon annan som kan vere interesserte?

Arbeidsstad : Ålesund
Stillingstype: Prosjekt
Arbeidstid: Fulltid

OM IKAMR:
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 36 kommunar i fylket samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt depot for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv og dokumenthandtering. Dei fylkeskommunale institusjonane Kulturnett, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitalisering av kulturarven er lagt til IKA Møre og Romsdal. Vi har i dag 15 tilsette. Selskapet har kontor i sentrum av Ålesund.

Grunna auka arbeidsmengde har vi 2 ledige prosjektstillingar.

Arbeidsoppgåvene vil vere:

  • ordning og klargjering av kommunalt arkivmateriale etter fastsette reglar
  • digitalisering av arkivmateriale

Kvalifikasjonar:

  • ønskeleg med erfaring frå arkiv- og ordningsarbeid
  • kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne byggesaksbehandling
  • ønskeleg med høgare utdanning innan arkiv, historie, administrasjon el. tilsvarande
  • god datakunnskap
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi søker etter medarbeidarar som er strukturerte, nøyaktige og effektive. Du må like å jobbe sjølvstendig med delvis rutineprega oppgåver.

Vi tilbyr:

  • Arbeid med fagleg utfordrande arbeidsoppgåve
  • Eit tverrfagleg godt arbeidsmiljø
  • Medlemskap i KLP
  • Løn etter avtale

Eventuelle spørsmål kan rettast til dagleg leiar Geir Håvard Ellingseter, tlf. 971 50 011.
Kopi av attester og vitnemål må leggjast ved søknaden. Søknad med CV skal sendast elektronisk til postmottak@ikamr.no

Søknadsfrist 20.08.2017.