23.06.2014

1814-2014 Gratulerer med dagen Norge!

Flytteattest for Pigen Berte Olsd. Hagen. Skriven av soknepresten Niels Nielsen 17.mai 1846.
Flytteattest for Pigen Berte Olsd. Hagen. Skriven av soknepresten Niels Nielsen 17.mai 1846.
Da Pigen Berte Olsd. Hagen, der er født og konfirmeret i Borgunds Sogn, nuhar taget fast Tjeneste paa Gaarden Farstad i Harams Præstegjeld, afskediges hun herved fra sit Fødested. Hun er 16 - sexten - Aar gammel, og kommunicerede sidste Gang i Borgunds Kirke den 21 - første og tyvende - Mai f.A(ar).

Borgund den 17de Mai 1846
Nielsen
Sognepræst til Borgund

Betalt 16- sexten- Skl.
Nielsen

Slik lyder den sirlig førte flytteattesten den danskfødde soknepresten Niels Nielsen skreiv 17.mai 1846. Då var det 32 år sidan han var tilstade på Eidsvoll, som representant for Nordre Bergenhus amt.

Niels Nielsen hadde klare meiningar om hendingane i 1814. Det ser vi tydelig i appellen han skreiv 18.mars til regenten, Christian Frederik:

"Med Bekymring for vort elskede Færeneland, for dets Frihed og Sælvstendighed, og med bange Anelser at det skulde lykkes Herskesyge og Erobringslyst at paalegge Noregs Fribaarne Tyraniets forhadte og vanærende Aag, sukkede vi i Løndom, o, elskede Prinds! Og fældede mangen Vemodstaare i tause mørke og rædsomme Øieblikke.

Ja, rædsomme vare de disse Øieblikke; thi Haabets Gnist, det eneste Ulykkelige have tilbage, var næsten udslukl i vor Barm. Men pludseligen opplivedes den, ekter Alstyrerens Villie, igjen og vore Hjerter fyldtes med usigelig Fryd, da Budskabet lød: Prinds Christian, odelsbaaren til Noregs Trone, vil antage sig vor Sag, vil reise vort Fædreland og vedligeholde dets Selvstændiged.

O, Fyrste! Glædestaaren tindrer i vort Øie, og med rørte Hjerter tilsige vi Dem vor Tak"

Dei som har leita i arkiva, har ikkje funnet dokumentasjon på at Niels Nielsen tok til orde under dagane på Eidsvoll. Han kan ha ytra meininga si på Eidsvoll uten at det har blitt dokumentert. Kjeldene frå diskusjonane i riksforsamlinga er fragmentarisk. Mykje av det vi veit er basert på dagbøker og brev skrevet på Eidsvoll.

I 1835 flytta Niels Nielsen til Borgund, og blei verande som sokneprest i Borgund til sin død i 1854. Elleve år etter han kom til Borgund skreiv han flytteattesten, kor Berte ”avfskediges frå sit Fødested”. Berte Catrina Olsdatter Hagen, blei fødd 25.02.1830 på Hagen (Ellingsøy) i Borgund sokn. I 1844 ser vi i kyrkjebøkene frå Borgund sokn at ho vart konfirmert. Ho fekk karakteren 3, og det betyr at ho var middels god i kristendomskunnskap og flid. Eit og eit halvt år etter konfirmasjonen, berre 16 år gammal, reiste ho til Farstad på Lepsøya for å vere tenestepike. Kor lenge ho var i teneste veit en ikkje, men ho reiste tilbake til Hagen før ho døyde i 1863. Berre 33 år gamal.

32 år var gått når Niels Nielsen skreiv flytteattesten til Berte. Spørsmål dukkar opp når ein kjem over ein flytteattest skreven av ein person som var tilstades på Eidsvoll i 1814. Feira han ikkje 17.mai? Korleis var det å vere embetsmann på Eidsvoll i 1814? Var han fornøgd resultatet av grunnlova? Følte han seg stolt over å ha få vært med på utarbeidelsen? Kva tankar gjorde han seg, der han satt og skreiv flytteattesten på sjølvaste 17.mai? Sist men ikkje minst: Kven var Berte? Korleis såg ho ut og kvifor døde ho så ung?

IKA ønskjer alle ein riktig fin 17.mai!

Kategori: 
Smakebitar frå arkivet
Kommune: 
Haram