16.06.2014

Handsaming av personopplysningar

Frå og med 01.01. 2001 erstatta Personopplysningslova (POL) den gamle Personregisterlova frå 1978. POL stiller ei rekke krav til handsaming av personopplysningar, og legg vekt på registrerte personar sine rettar i forhold til handsaming av slike opplysningar. Formålet med lova er å hindre krenking av personvernet for den enkelte ved handsaming av personopplysningar, skjerming av den registrerte mot ulovleg administrativ bruk og sikring av informasjon med potensiell rettsleg eller annan verdi.

I følgje POL har ikkje den behandlingsansvarlege høve til å lagre personopplysningar lengre enn det som er nødvendig for å gjennomføre formålet med behandlinga (§ 28). Personopplysningar som ikkje kan slettast, skal oppbevarast i samsvar med dei retningslinene som er gitt i Arkivlova med forskrifter. IKA Møre og Romsdal har i selskapsavtalen forplikta seg til å vere depotinstitusjon for medlemskommunane sitt personregistermateriale.