26.05.2015

Førespurnader om innsyn

IKAMR er depot for historisk arkiv frå eigarkommunane.

Ikkjeklausulert materiale (generelt sett eldre enn 60 år), til dømes slektsgransking, kan rettast til IKAMR direkte. Førespurnader om materiale yngre enn dette skal rettast til kommunen, som tek kontakt med IKAMR.

Førespurnader kan skje via telefon, e-post eller brev.

Enkle saker hentar IKAMR fram, kopierer og sender ut. Dersom det er større mengder materiale, blir det tilgjengeleggjort på lesesalen og kan gjennomgåast etter avtale.